STARTSIDEN / NYHETSARKIV
 

Nyhetsarkiv

‘For Jernbane’ (FJ) vil satse på jernbane i heile landet

FJ vil prioritera Vossebano og Nordlandsbanen like høgt som IC på Austlandet. FJ vil prioritera jernbane i heile landet framfor fleire motorvegar.

På bakgrunn av oppslaget i BT 15. august 2016, om at FJ ikkje har nevnt prosjektet Arna – Stanghelle (-Voss) i si høyringsfråsegn til NTP, og om Jernbanealliansen (der FJ ikkje er med) som kun vil prioritera InterCity på Austlandet i neste NTP, vil me uttala følgjande: 

1.  FJ beklagar at me skreiv ei høyringsfråsegn som kunne tyda på at me ikkje vil prioritera dette prosjektet. For FJ vil prioritera nødvendige oppgraderingar mellom Bergen og Voss for å få ei rastrygg og snøgg Vossebane/Bergensbane.  I 2013 føreslo me ei billegare utbygging som vil gje lokaltog i timesfrekvens med reisetid 1:05t, og godstog/regiontog kvar time med reisetid 1:00t/0:55t.  

2.  No har heldigvis fleire i Jernbanealliansen presisert at dei ikkje vil prioritera vekk Bergen – Voss, men vil desse prioritera InterCity på Austlandet endå høgare?  FJ vil i alle fall vera tydelege på at me vil prioritera lokaltogstrekningar som Bergen – Voss like høgt som IC.   

3.  FJ vil prioritera fjerntog høgare enn det NTP føreslår, for å tilby høgfrekvente og snøgge reiser med tog til alle landsdelane, og for å flytta passasjerar og gods over frå fly og bil til tog.  Me har funne Norsk Bane AS sine alternative analysar svært gode som grunnlag for den framtidige jernbanestrategien i Noreg.  Norsk Bane AS planlegg eit nett av høgfartsbaner i Sør-Noreg som vil gje 80 % av innbyggjarane i Noreg maksimalt 1 time til næraste høgfartsstasjon, og vurderer også å planleggja lyntog til Tromsø.  FJ vil ikkje gløyma Nord-Noreg, og eit minimum i NTP må vera å løyva pengar til ei ny utgreiing om bane til Tromsø.   

4.  FJ vil løfta fram jernbane som eit alternativ til den føreslegne motorvegplanen kostnadrekna til 1106 mrd, som me trur verken er god miljøpolitikk eller framtidsretta utviklingspolitikk for distrikta.  Konkret vil me at Rogfast og nye tunnellar under Haukeli skal vera fellesprosjekt for både bane og veg.  Haukelibana/Vestlandsbana må difor ikkje utsetjast.   

Kommentarer: 0

Publisert 30 Aug 2016


Ditt navn:

Remember me

Din e-postadresse:
(optional)

Kommentar:

Captcha

CAPTCHA, click to refresh

Powered by CuteNews

 

 

Samarbeidspartnere:

2021 is the European Year of Rail

 

For Jernbane er en frittstående landsdekkende medlemsorganisasjon som på fritt grunnlag virker for at jernbanen skal utføre en betydelig større andel av transportarbeidet i Norge og mellom Norge, Norden og Europa.

Vi legger vekt på jernbanen som ryggraden i et miljøvennlig, sikkert, raskt og kapasitetssterkt transportsystem. Vi er også opptatt av gode overgangsløsninger for både personreiser og godstransporter. 

 

 

For Jernbane
Postboks 3455 Bjølsen
0406 OSLO
Bankkonto: 1254.20.33523
E-post: leder@jernbane.no

Copyright 2008 - 2020 © For Jernbane. All Rights Reserved.
Her kan du laste ned vår logo i ulike format-»